Politikken
Kommunevalprogram 2023 - 2027
Valet 2023 og felles politisk plattform
For Masfjorden Ap enda valet 2023 med ei oppslutning på 25,8% (opp 3pp frå 2019), og med 4 mandat fortsatt i kommunestyret, og med 1 representant i formannskapet. I den nye kommunestyregruppa sit Torill Torsvik Størkersen (gruppeleiar og formannskapsmedlem), Mariann Fløtre Andvik, Ragnvald Tangedal og Aina Sleire, med Marit Bjånes Bjørneklett som 1. vara. Med inngått avtale mellom H og Sp i forkant av valet, så vart ordførar og varaordførarvervet fordelt mellom dei. Etter fleire veker med forhandlingar, fekk me så landa ein politisk plattform mellom alle partia. Denne kan lesast nedanfor.
(revidert 1) felles politisk plattform og liste til val av utval i masfjorden kommune 2023-2027 referat frå møte 5.10.2023 (2). Program Masfjorden Arbeidarparti 2023 - 2027.pdfMasfjorden Arbeidarparti med ordførarkandidat Torill Torsvik Størkersen har eit godt lag som er klare for valkamp og ordførarskifte til hausten! Politikken til Arbeidarpartiet byggjer på grunnverdiane fridom, likskap og solidaritet. Bli gjerne med på laget du òg! Her finn du kommunevalprogrammet for 2023 - 2027 som Masfjorden Arbeidarparti går til val på. Godt val!
Framme frå venstre: Ragnvald Tangedal, Endre Tynning Nystrand, Torill Torsvik Størkersen, Renee Kårtveit, Liv Dyregrov, Harald Birkeland. Bak frå venstre: Birger Alias Wergeland, Bente Sissel Pilskog, Britt Inger Myhr, Merete Myhr Hope, Laila Solhaug Reknes, og Marit Bjørneklett.
Program Masfjorden Arbeiderparti 2019-2023.pdf