Torill Torsvik Størkersen

Representant

Torill Torsvik Størkersen

Torill var ordførarkandidat for kommunevalet 2023-2027. Ho har vore varaordførar i 2 periodar, sidan ho vart valgt inn i kommunestyret i Masfjorden i 2015. Torill er født og oppvaksen i Ytre Haugsdal, men har budd ein lengre periode i Tysvær i Rogaland. Då også politisk engasjert i styrearbeidet for Arbeidarpartiet. Torill har dei siste 9 åra jobba som lærar ved Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen innan yrkesretninga sal og reiseliv, og har tidlegare lang fartstid innan reiseliv- og næringsutvikling. Hjartesakene til Torill er gode skular og barnehagar, gode helse- og omsorgstenester, realisering av Masfjordbrua og bulyst.