Vindkraft i Masfjordfjella - ei ikkje-sak!

Vindkraft i Masfjordfjella er for meg heilt uaktuelt. Den kampen tok me i 2019, då Høgre/ Frp regjeringa kom med rammeplan for vindkraft trekkande ned over hovudet på oss. Den gongen gjekk underteikna saman med fleire, lokalpolitisk i bresjen for å få stoppa all form for arealavsetting til vindkraft i Masfjorden og Nordhordland. Heldigvis slapp me med skrekken, og prosessen den gong resulterte til slutt i lovendringar i både Energilova og i Plan- og byningslova, vedtatt i juni i år. Kommunane har no sjølvråderett for areal til vindkraft. Heller ingen statleg plan kan iverksetjast utan kommunen sitt samtykke. Dette er noko underteikna og Masfjorden Ap har vore med å jobba fram både i eigen partiorganisasjon og i tverrpolitiske fløyar. Me har vore på innspelsrundar, i debattar, på årsmøter, på landsmøter, på besøk i departement og til og med levert argumentasjon til sentrale politikarar i TV-debattar. Det var ei krevjande tid, men kjekt når ein til slutt lukkast! Eg har særdeles stor empati med dei kommunane som står i spagaten mellom vindkraft og kommuneøkonomi, eller vindkraft og arbeidsplassar, men der er ikkje Masfjorden og der skal me heller aldri kome. Til det er Masfjordfjella for verdifulle. Landskapet er ikkje eigna. Me er ein vasskraftkommune, og bør heller utvikle den rolla vidare som ein ansvarsbevisst samfunnsaktør. Det skal heller ikkje ha noko å seie om det lokale energiselskapet Eviny, ynskjer seg vindkraft i kraftportefølja si. Det har eg meddelt dei ved fleire høve. Også gjennom vedtak og formelt brev frå  Masfjorden kommune i 2019 er det formidla. Det gjeld fortsatt! Masfjorden Ap har stått og framleis står støtt i saka om at det ikkje skal kome vindkraft inn i fjellheimen vår. Skal ein ha den form for energiproduksjon, så må det inn på eit regulert industriområde. I Masfjorden har me ingen slike aktuelle områder, og det ynskjer det heller ikkje. Det er derfor ei ikkje-sak for oss! Masfjorden kommune skal gje høyringssvar til Gulen for regulering på industriområdet i Sløvåg, men vedtak er det lokalpolitikarane der som har regien på. Viser konsekvensutgreiingane at det vert forhaldsvis store konsekvensar for dei som jobbar og bur i området, ja så bør ikkje vindmølla byggjast. Derimot, om eg ser ei vindmølle frå huset mitt, så er eg mindre bekymra for det. Det er viktig at havvindsatsinga får gode vilkår for å utvikle seg, då me har eit ansvar for å nå klimamåla og løyse energibehovet for framtida. Likevel, sjølv med eit storsamfunnsansvar, er det viktig at lokalbefolkninga blir høyrde, både i Gulen og Masfjorden. Får eg tillit som ordførar i Masfjorden, ja, så får i allefall innbyggjarane her min garanti for at det ikkje kjem vindkraft i fjellheimen. Ingen arealdisponering treng me og heller ingen konsekvensutgreiing. Det er ei ikkje-sak. Den er ferdig debattert! Godt val!

Torill Torsvik StørkersenOrdførarkandidat Masfjorden ApLeserinnlegg i Strilen 4. sept. 2023

Leserinnlegg i Strilen 4. sept. 2023